Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine.
Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Dei er fire diktarar frå dei britiske øyane, frå England, Skottland og Wales, med kvar si særeigne stemme og biletverd.
-
William Shakespeare (1564-1616) held i sine sonettar fast på biletet av sin kjære. Kven denne kjære er, veit vi ikkje. Men dei fire hundre år gamle dikta står som lysande freistnader på å halde dette biletet fast i rim og rytme.
-
For Dylan Thomas (1914-1953) er det diktarens eige sinn, i møte med det forgjengelege livet og den trugande døden, som får sitt uttrykk i dikt. Vi kan nesten kjenne den glødande intensiteten i striden, der Thomas kjempar over skrivebordet, medan haugen av samankrølla ark blir større og større på golvet.
-
For Ronald Stuart Thomas (1913-2000) er det sjølve det menneskelege som er truga av undergang i møte med den moderne verda. Thomas nærer djup forakt for alt det moderne, som han omtalar som maskina. Stilt overfor maskina, freistar han trassig å halde fast på det ekte og opphavlege.
-
Det er Orknøyane som er George Mackay Brown (1921-1996) sin arena. Bileta hans er så reine at berre det vesentlege står att, og lesaren kan stige inn i dei med sine eigne assosiasjonar.
-
-
-
-
• Utgivelsesdato: 12. februar 2024
• ISBN 978-82-92922-94-1
• Språk: Nynorsk
• Innbinding: Innbundet
• Sidetall: 96
-
-
Hans Johan Sagrusten (f. 1970) er poet og er ansatt i Det norske bibelselskap, tidligere som bibeloversetter. Hans tre egne diktsamlinger er alle innkjøpt av Norsk Kulturråd. Det samme ble hans gjendiktning av R.S. Thomas: «Ein stad mellom tru og tvil» som kom i 2013