Beskrivelse
NB: Boka er for tiden utsolgt fra forlaget.
Noen bokhandlere kan ha et eksemplar inne.
Boka vil senere komme i nytt opplag eller utgave, og/ eller bli utgitt som e-bok.
Med utgjevinga av Tre florentinarar viser Arnfinn Haram si eineståande evne som essayist og kultur-, litteratur- og samfunnskritikar. Forfattaren står i ein katolsk danningstradisjon som formidlar djupe og frigjerande persektiv i ei smittande glede over det gode, det vakre og det sanne i livet – alt det som røpar Guds løyndomsfulle nærvere i verda.
Her finst det tekster om markante personlegdomar, viktige samfunnsspørsmål, vandringar i eksistensielle og litterære landskap. Den skarpe fjørpennen i munkehanda har kontakt med livgjevande kjelder. Hans formidlingsevne og sterke ambisjonar for den gode saka gjer at han påkallar merksemd i svært ulike fora, både i og utanfor trusrelaterte samanhengar. Det vere seg lesarar i Klassekampen eller Morgenbladet, unge radikale, protestantiske og katolske kristne eller modne, for ikkje å seie dekadente tilhøyrarskarar – alle blir ”lutter øre” når frater Arnfinn preikar, ein munk frå mellomalderen (som han éin gong kalla seg) – og er villige til å sitje ei stund slik ein gjer i danningstradisjonen, lyttande til den vise. Det er ingen dum idé i vår tid: Les, bli stimulert, gå vidare og bli sjølv vis.
Anmeldelser
«Noen klarer det nesten umulige – å tenke ’nytt’ om troen. Noen får det til uten selvhøytidelighet. Arnfinn Haram gjør det (...) skriver seg inn i den evige samtale.» Vårt Land
«Harams essay syner historisk innleving, fin menneskekunne, vit på estetikk ikkje mindre enn på etikk. Og så forteljargåve! (...)» Per Lønning, Dag og Tid
«Boken byr oss et sterkt ladet og levende språk som tidvis imponerer» Tor Dishington Johansen, Bergens Tidende
«...skraper i sjelens dyp og rører ved eksistensens grunnvilkår» Dag Kullerud, Aftenposten